30.aug kl 13.00 Møbelringen - Åsen Tunet Søndag 30.august samlast vi til felles gudsteneste frå kyrkjene i Ørsta og Volda. Både den norske kyrkja og frikyrkjene tek del i samarbeid med Kirkens Nødhjelp. Tema for gudstenesta vert KLIMA.
Etter vandringa er det høve til å nyte kafetilbodet på Åsen-tunet, og kl 15.00 kan ein vere med på klimaseminar der sentrale politikarar er samla til debatt og samtale. Det vil vere barneopplegg under seminaret. |