Stans i all aktivitet

Alle fysiske møter og aktivitetar i Frikyrkja blir avlyst tom måndag 18. januar.

Regjeringa la i går fram nye nasjonale smittevernstiltak der dei oppmoda til ein sosial nyttårspause fram til 18. januar, for å få unngå ei ny smittebølgje.

Norges kristne råd anbefaler at planlagte gudstenester, samlingar og faste aktivitetar for alle aldersgrupper må haldast digitalt eller avlysast til og med 18. januar.

Desse anbefalingane vil vi fylgje. Det vil seie at det ikkje vil bli gudstenester, bønnemøte eller andre møter i nemnte periode.

Gravferda på tysdag blir gjennomført som planlagt.

Vi beklagar at vi må gå til eit så drastisk skritt og håper at det ikkje er så lenge til vi kan møtast som normalt i kyrkja vår.

Ta gjerne kontakt ved behov. 

På vegne av eldsterådet

Kjell Petter Wiik

 

For vidare informasjon: 

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/innforer-flere-nasjonale-smitteverntiltak/id2826466/

https://norgeskristnerad.no/korona-nytt-siste-oppdateringer/