Volda opne barnehage vert midlertidig stengt

tom august 2021.

2020 begynte så fint. Kvar onsdag var vi mellom 15 og 25 barn, tilbakemeldingane var gode og vi syntes ting gjekk ganske så bra. Så kom pandemien som snudde opp ned på alt og vi måtte halde stengt i fleire månadar.

I september forsøkte vi å starte opp att, men innsåg snart at det dessverre ikkje var grunnlag for drift. Gjennom september og oktober var vi stort sett mellom 0 og 2 barn kvar veke, og det er alt for lite til at vi kan overleve økonomisk.

I samråd med Volda kommune har vi derfor beslutta å midlertidig legge ned drifta. Dette gjer vi med eit særdeles tungt hjarte.

Takk for samarbeidet til alle som har vore innom barnehagen, vi kjem til å sakne å tilbringe onsdagane saman med dykk.

Ta godt vare på kvarandre i desse rare tider og hjarteleg velkomne tilbake til open barnehage til hausten.

Kristina og Kjell