Gudsteneste i påska? Jepp!

Gudsteneste i Påska? Jepp!! På youtube-kanalen til frikyrkja frå klokka 11 i morgon er det gudsteneste-sending. Det er det såklart også på Påskedag klokka 11. I tillegg blir det lagt til rette for å feire nattverd i heimane på skjærtorsdag. Dette vil vi oppfordre til å vere med på. Nattverden blir leia ved ei kort og enkel gudstenestesending som ligg på YouTube frå kl 18 den dagen. Det einaste du treng er å sørge for å ha brød i hus, og skaffe alkoholfri vin som kan kjøpast på vinmonopolet eller druejus som du kan handle på daglegvareforetningar. Å feire nattverden i heimane var det som var vanleg hos dei første kristne.