Kjære alle saman

Ikkje godt å vite kva ein skal seie i desse underlege tider - alt er plutseleg snudd på hovudet. Plutseleg så er det trygge ikkje så trygt lenger og plutseleg vi må forhalde oss til ting som ville vore heilt utenkelege berre for nokre veker sidan.

Eldsterådet skal ha møte på onsdag denne veka for å diskutere og å planlegge vekene framover. Vi tar gjerne imot innspel og tankar både på telefon, e post og her på Facebook.

Vi er framleis ei kyrkje sjølv om vi ikkje kan møtast fysisk på ei stund og vi er ikkje åleine sjølv om vi alle saman må halde oss mest mogeleg heime.

Vil oppmoder alle om å be for landet vårt, for politikarane våra som verkeleg blir satt på prøve no og for at vi må kome styrka ut av denne krisa - for krisa vil ta slutt ein gong og kvardagen kjem til å bli, ihvertfall tilnærma normal igjen.

Gleder meg til at vi skal møtast til gudsteneste igjen i kyrkja vår.

Pass godt på kvarandre og ikkje minst deg sjølv.

På vegne av eldsterådet

Kjell