Påfyll – temasamlingar for tru og liv.

Påfyll – temasamlingar for tru og liv.

Dette semesteret er vi i gang med enkle temakveldar som har med tru og liv. Dei tek føre seg ulike spørsmål og problemstillingar som kan vere vanskelige, men relevante og viktige.

Målet er å gi ein god introduksjon og belysning av temaet og med høve til samtale i ei trivelig ramme etterpå, for dei som ynskjer det . Temakveldane følgjer gudstenestelivet på den måten at nokre av dei søndagane vi har formiddagsgudsteneste med kyrkjekaffi, så kan ein kome tilbake for påfyll både for kropp og sjel på kvelden klokka 20. Det er godt å følgje gudstenestelivet, men kanskje har vi også godt av litt meir fokusert og grundig undervisning både for trusfundamentet i eige liv og for å kunne dele evangeliet. Undervisninga blir også distribuert på youtubekanalen vår og kan søkast opp ved å søke på Volda Frikyrkje på youtube. Foreløpig kan de finne Birger Løvlie med tema «Skapartru og vitskap» og Sølve Hatlen med «Bibelen – Guds Ord». Komande søndag 1.mars har Per Christian Sæbø temaet "Livet - tilfeldig eller skapt?"

1.Pet 3, 15 Ver alltid førebudde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for det håpet de eig.