Bibelleseprosjektet: «Gi oss i dag vårt daglige brød»

Bibelleseprosjektet: «Gi oss i dag vårt daglige brød»

Poenget med prosjektet er å motivere og gjere det litt enklare for dei som vil ha det til ein daglig vane å lese i bibelen.

Er du ein som syns det er vanskelig å få ein god vane med bibellesing i kvardagslivet? Kanskje det kan vere til hjelp å ikkje streve med det åleine. Og om du syns det er enkelt, kanskje du kan vere med å bidra til at andre også kan få det slik:-) Det finns gode digitale plattformer for daglig bibellesing, og det er mulig å skape litt oppleving av felleskap og samtale rundt bibellesinga. Det er oppretta ei facebookgruppe for dei som er interessert, og for dei som ikkje er på facebook er det mulig å koble seg ilag med resten ved bruk av bibelappen youversion.

Det er fastetid, og denne fasten vil eg prioritere å auke det åndelige matinntaket framfor å redusere kroppens føde. Eg har satt meg som mål å lese heile bibelen på eit år. Eg vil redusere skjermtid til fordel for lesing i livets bok. Nokon som vil bli med på reisa? Hovudformålet mitt med dette er å lese meg inn i dei lange linjene og kanskje oppdage nokre bortgøymde krikar og krokar i Guds Ord. Om ein les i normalt høgtlesingstempo skal det ta om lag eit kvarter om dagen å lese seg gjennom bibelen på eit år. Eg kjem til å bruke ein gratis bibelapp som heiter youversion. I den bibelappen ligg det integrert mange gode bibelleseplanar. Ein av dei er «the one year bible». Den kombinerer tekst frå gamle testamentet og nye testamentet og salmane/ordspråka, slik at du les litt frå kvar av dei dagleg. Fordelen med å bruke denne appen er at ein kan koble seg saman med andre som ein har avtalt å lese ein bibelleseplan saman med. Når eg har lest det eg skal ein dag så rapporterer eg det i appen og då får dei andre påminning som viser at eg har gjort det. På den måten kan ein følgje kvarandre litt opp, ved ansvarleggjering og oppmuntring:-)