Kyrkjelydsmøte søndag 16. juni kl 12.45

Kyrkjelydsmøte søndag 16. juni kl 12.45

Velkommen til kyrkjelydsmøte søndag 16. juni kl. 12.45. Einaste sak på saklista er støydemping i taket på kafeen. Det er sendt ut innkalling på mail. Dersom du er medlem og ikkje har mottatt mail - gi beskjed til kontorleiar på voldafrikyrkje@gmail.com. I mailen ligg det fleire vedlegg.

Innkalling til Kyrkjelydsmøte

Dato: Søndag 16. juni 2019 kl. 12.45 – etter gudstenesta

Stad: Volda Frikyrkje

 

Sakliste

 

Sak 06/19        Godkjenning av innkalling og sakliste samt val av møteleiar og møtesekretær

 

Sak 07/19       Støydemping i kafeen         

 

På kyrkjelydsmøte i april 2019 vart det gjort fylgjande vedtak:

Husstyre innhentar 2 eller 3 pristilbod på lyddemping i  kafeen. Desse skal presenterast på eit kyrkjelydsmøte før sommaren.

 

Husstyret har undersøkt ulike firma som kunne vere aktuelle å innhente anbod frå, bl.a. ved å sjekke oppgitte referansar. Vi vil legge fram 3 forslag overfor kyrkjelydsmøte.

 

«Tilbod» nr 1 – Lydisolerande takplater på same måte som på søndagsskulerommet

Vi har eigentleg ikkje innhenta pristilbod på desse platene. Vi baserer prisen på kva Ørsta Frikyrkje betalte då dei la slike plater i underetasjen for 2-3 år sidan.  

Basert på antal kvadratmeter i kafeen vil prisen for material kome på ca. 30 000,- ( pluss litt prisstigning). Arbeid kjem i tillegg.

Dette taket er det desidert mest arbeidskrevjande å legge. Alle taklampar må takast ned og monterast på nytt. Vi har ikkje innhenta tilbod på kva det vil koste å leige folk til å gjere arbeidet. For meir info, sjå f. eks:

https://www.glava.no/bygg/losninger/lydisolering/lydisolering-himling-tak/

 

Tilbod nr 2 – Parketthuset ( Makes it Gruppen)

Lydac Dempit Lydabsorberende Akustikkplater hvit – Kvar plate er 120x60

Utifrå volum i rommet hadde dei rekna ut at vi treng 26 plater. 26 plater dekker 18,72 m2

Totalpris med moms og frakt - kr 23 006,-. Pristilbod ligg vedlagt.

 

Enkelt å montere. Platene skal festast i ei ein bøyle som skal skurast fast i taket (sjå lenke under)

Dette var i utgangspunktet det billegaste tilbodet. Vi kan legge plater på rekke mellom lyspunkta og vi treng såleis ikkje flytte taklampane.

 

For meir informasjon, sjå:

https://www.parketthuset.no/makes-it/stoeyreduksjon/byggninger/lydabsorbenter/daempit-komfort-akustik-hvit

 

Tilbod nr 3 - Norsk Akustikksenter

Loke 40 mm lyddempende plater. Platene er 60x60 cm. Kvar plate dekker 0,36 m2 og dei har rekna ut av vi treng totalt 152 plater. Desse dekker eit areal på 54,72 m2.

 

Enkelt å montere. Platene skal limast direkte fast i taket. Ein kan og skru fast platene, sjå vedlagte datablad. Totalpris med mva, frakt og lim – kr 38 287,-.

Vi kan legge plater på rekke mellom lyspunkta og vi treng såleis ikkje flytte taklampane.

 

Konklusjon:

Husstyre har vurdert desse tre alternativa og vil anbefale overfor kyrkjelydsmøte å velje tilbod nr. 3 frå Norsk Akustikksenter.

 

Reelt sett er dette det billigaste tilbodet då platene dekker heile 54 m2 mot 18 m2 i tilbod nr 2.

Platene er svært enkle å montere og kan gjerast på dugnad. Vi sende over bilete av kafeen og dei  teikna opp forslag til kvar vi skulle legge platene.

 

Vi foreslår også at vi på førehand måler taket i dei same fargane som platene og at vi bygger inn ventilasjonsrøret som går tvers igjennom rommet. Takplatene har fargekode 0502-Y. Vi trur då at heile rommet vil få eit estetisk løft.

 

Sak 08/19       Eventuelt

 

 

Vel møtt

 

For eldsterådet – Kjell Petter Wiik