Velkommen til basar og minimarked laurdag 10. nov kl 11-15

Velkommen til basar og minimarked laurdag 10. nov kl 11-15

Velkommen til basar og minimarked laurdag 10. november kl 11-15 Program 11.00 – Basaren og minimarkedet opnar 11.45 – Minikonsert med Volda Soul Children 12.30 – Trekking av åresal 13.00 – Minikosert med Spiritoso 13.20 – Andakt 14.00 – Trekking av åresal 15.00 – Slutt

 
I kafeen kan ein få kjøpt seg gode og smakfulle kaker frå eit rikhaldig kakebord, eit assortert utval av smørbrød og rundstykke, pølse i brød eller laurdagsgaut med litt saltmat til. 
Som alltid på basar så vert det både tombola og åresal med mange fine gevinster. 
Minst like kjekt som å vinne noko er det å slå av ein prat med kjentfolk eller folk ein ikkje kjenner. 
Velkommen også til eit minimarked med mange fine ting som ein t.d. kan gi bort som julegåve. 
 
Be gjerne med ein nabo, ein arbeidskollega eller nokon du blir minna om å ta med.
 
 
Ein basar og eit minimarke er ein stor dugnad og vi håper mange vil delta. Om mange deltar så blir det ikkje så mykje på kvar. 
 
Vi treng praktisk hjelp til fylgjande ( kvar vakt ca ein time) - Hjelpe til på kjøkenet 
- selge varer i kafeen 
- selge varer på minimarkedet
- Ryddehjelp etter basaren – (15-16)
Send gjerne melding til Kjell 90177297 om kva du kan tenke seg å hjelpe til med. Det blir også lagt ut liste på gudstenestene. 
 
Ber om at alle som kan, bidrar med gevinster: 
TOMBOLA: 10 gevinster innpakka, verdi ca.10-20 kr pr.stk (Husk at det er mye unger som tar tombolalodd)
ÅRESALG: 3-6 gevinster, verdi ca.50-100 kr pr.stk (Vi trekker 3 og 3 gevinster samtidig, så fint med 3 like gevinster)
Gevinster kan ein levere på gudsteneste, torsdag 8. kl 18-19 eller fredag 9. kl 18-20.
 
Kafe og loddsal blir stengt når det er program. 
 
Vi treng litt fleire kaker, smørbrød/rundstykke og svele/svelerøre
Det var mange som skreiv seg opp på listene som blei lagt ut på sist gudsteneste, men vi treng ennå litt meir hjelp. 
Om ein allereie veit kva ein har lyst å hjelpe til med, så send gjerne melding til Kjell på 90177297, eller på Facebook. 
Det vil ligge ute lister på fyrstkomande gudsteneste. 
 
Varer til Minimarkedet. 
Dersom ein har varer som ein tenker kan selgast på minimarkedet, så ber vi om at desse blir levert i Frikyrkja seinast torsdag 8. 
Dersom noko kan tenke seg å bake julekaker, så har basarkomiteen små plastesker som dei kan pakkast inn i. 
Om ein lurer på noko vedr minimarkedet så ta kontakt med Heidi 93663842, eller Astrid 97182781
 
Det kjem pressemelding og annonse i Møre, samt at det vil bli laga ei Facebook-hending. 
 
 
For basarkomiteen
Kjell