HalloVenn 2018, ei alternativ Halloween-feiring

HalloVenn 2018, ei alternativ Halloween-feiring

HalloVenn vert arrangert i Volda for tiande året på rad! Også i år vert det i Volda Frikyrkje 31.oktober kl. 1730 - 1930. Påmelding inne i artikkelen

HalloVenn vert arrangert i Volda for tiande året på rad. I fjor var det rundt 150 barn på denne festen, og vi gler oss til å arrangere HalloVenn nok ein gong!
Her får du kle deg ut, utan skremsel. Her får du godteri utan tigging. Og her får du vere med på mange aktivitetar utan at det er knep som går ut over andre.
Temaet på HalloVenn er «Gode vener», og mottoet er: «Alt de vil at andre skal gjere mot dykk, skal de og gjere mot dei.». Dette er gode  haldningar som vi alle kan lære mykje av. Vi ønsker at på HalloVenn skal barna trivast og vere gode mot kvarandre.
Arrangementet vil foregå i Volda Frikyrkje og det vil innehalde mange artige aktivitetar, godteri, mat og drikke, andakt og song. Og vi gler oss til å sjå mange artige, kule, søte, sprøe og koselege kostymer. Denne dagen må uhyggelege kostymer ligge igjen heime.

Alle barn 5 år (fødd 2013) til 5. klasse er hjarteleg velkomne! Dei som ikkje har begynt på skulen må ha med seg ein vaksen, og vi gjer oppmerksom på at foreldra har ansvaret for borna under arrangementet.
Meld deg på ved å bruke skjemaet under, eller Tlf 917 88 950 (sms) innan tysdag 30.oktober om du vil vere med på HalloVenn. Ver snar, vi har begrensa plassar.
Inngangspengar: 50 kr.
Arrangementet vert onsdag 31. oktober klokka 1730-1930 (registrering frå klokka 1715).
Då gjenstår det berre å ønske velkomen HalloVenn 2018!

 

Skriv inn navn og fødselsår på dei du melder på, og trykk på "send inn"

NB: Aldersgrense 5 år. (Født 2013)

E-post og telefon er påkrevd i tilfelle vi har behov for å ta kontakt.

Pris: 50 kr pr barn

Om du skal melde på fleire barn, trykk på "legg til en til" for å få opp fleire felt.



Legg til en til