Facebookside - Volda Frikyrkje Gode bøker

Facebookside - Volda Frikyrkje Gode bøker

Volda Frikyrkje har oppretta ei Facebookside som heiter Volda Frikyrkje – Gode bøker. Der kan ein dele gode bokopplevingar og tipse andre om gode bøker ein har lest.

Mange av oss er glade i å lese, og då er det kjekt å få tips om gode bøker. 
Det er ikkje alltid lett å orientere seg i mylderet av bøker, og mange bøker veit ein ikkje om finnes ein gong.  Har du lest ei god bok som du vil anbefale for andre….. Skriv litt om boka her, og så kanskje andre får lyst til å lese den. Skriv heilt kort kvifor du vil anbefale boka og kva den handlar om. 
Sida blir ikkje betre enn vi sjølve lagar den, og det ligg ikkje fleire bøker der enn vi sjølve legg ut. 
Vi har også satt opp ei lita bokhylle i kyrkja. Dersom nokon har lyst å låne bort ei bok ein sjølv har lese til andre, så kan ein berre sette den der. Skriv gjerne namn i slik at ein veit kven som eig boka. 
Ved sidan av bokhylla heng det ein tidsskrifthaldar. Her kan ein sette tidsskrift når ein t.d. sjølv har lest dei. Underteikna abonnerer på Strek og Agenda 3.16. I staden for at dei blir liggande på loftet når eg har lest dei, så kan dei like godt stå i kyrkja slik at andre også kan bli berika av dei. Kan anbefale begge tidsskrifta veldig. 
På hylla heng ei skrivebok som ein kan skrive opp bøker og tidsskrift ein har lånt. 
Kanskje kan vi etter kvart lage eit lite bibliotek i kyrkja……