Nytt frå Husstyre

Nytt frå Husstyre

Husstyre har hatt 2 møter. På fyrste møte blei det laga ei prioritert liste over ting vi ville jobbe med i 2018, i 2019 og kva vi ville utsette til 2020.

Fram til 2. møtet blei faktorar som kostnad o.l. undersøkt. På bakgrunn av innhenta informasjon blei det laga ei ny prioritert liste som ein kan sjå under. 
 
2018 vår: 
-          Måle nyekyrkja utvendig
-          Kjøpe kjølehjørne på kjøkenet
-          Kjøpe kodelås på dører
-          Infotavle i gangen
-          Lage rutiner for bruk av kjøkken
-          Bibliotek kyrkjekaffisal
-          Nedvask av kjøkken.
 
2018 haust: 
-          Måle gamlekyrkja utvendig
-          Nytt golv i yttergangen
-          Pusse opp dame- og herretoalett
-          Infoskjerm i gangen.
 
2019
-          Lyd-demping tak i kyrkjekaffisalen 
-          Kjøkkenbenk på kyrkjekaffiromet (mot vegg kjøkken).
 
2020
-          Vurdere uteplass mot nord
-          Vurdere plen mot vest
-          Vurdere utviding av parkeringsplass mot sør
-          Vurdere hellinga ned mot vegen.
 
Uprioritert liste
-          Videokanon på bakvegg – til forsongarar.
 
Før vi begynner på eit prosjekt skal vi alltid lage eit kostnadsoverslag.
I 2018 har vi til rådigheit kr 40 000 frå investeringskonto og kr 20 000 frå kjøkkenkonto.
 
Vaktmeisterteam: 
Vi har planlagt å opprette eit vaktmeisterteam der ulike personar har ulike ansvarsområde, t.d. for varmepumpe, lydanlegg, nettverk, HMS, grasklipping og lys og varme. 
Beskjeder kan formidlast til kontorleiar, og så formidlar han vidare til rett person. 
 
Helsing Sverre (leiar), Mari, Hans Ottar og Kjell 
 

Relaterte dokumenter