![]() VIL DU VERE KONFIRMANT I VOLDA FRIKYRKJE?Dei som ynskjer kan konfirmerast i Frikyrkja det året dei fyller 15. Det er ikkje krav om medlemskap eller dåp.
Konfirmasjonstida tek til med presentasjonsgudsteneste i august/september Konfirmasjonstida vil vi bruke til å verte betre kjend med Gud, kyrkja, kvarandre og oss sjølve. I tillegg kjem vi til å ha fleire treffpunkt med konfirmantar frå dei andre frikyrkjene på Sunnmøre. Vi ynskjer konfirmantane velkomen til Volda Frikyrkje sitt ungdomstilbod UIF (Ung i Frikyrkja). facebook: Ung i Frikyrkja Ynskjer du å vite meir om Den Evangelisk Lutherske Frikyrkje eller Volda Frikyrkje? Besøk Frikyrkja på nett: frikirken.no Kom gjerne innom kyrkja når vi har gudsteneste eller anna arrangement, eller ta kontakt med Pastor Sølve Hatlen 41923251. Pris for konfirmasjonsopplegget i Volda Frikyrkje: kr.1500,- Påmelding til konfirmasjonstida i Volda Frikyrkje sendes på epost til: voldafrikyrkje@gmail.com Vi må vite fullt namn, fødselsdato, telefonnummer, epost og adresse. Namn, telefon og epost til føresette. Gi oss gjerne informasjon om det trengs spesiell tilrettelegging for eksempel i forhold til mat.
![]() |