Nyttårsfeiring i Frikyrkja
Lågterskelarrangement

Nyttårsfeiring i Frikyrkja

Påmelding innan 20.des.
Etter ide frå Gutteklubben Fri vil vi i år leggje til rette for nyttårsfeiring i Frikyrkja. For alle som ikkje har lange tradisjonar og store planar for nyttårskvelden er det berre å henge seg på. Det blir planlagt litt enkle aktivitetar og alle tar med noko kake/kaffimat. Så satsar vi på sosial hygge i gledeleg felleskap utover kvelden. Kl 23.00 feirar vi ei enkel nyttårsgudsteneste før vi går ut litt ca 23.35

Tidsskjema:

19.00 Oppmøte

19.30 Mat og prat

ca 20.30 Quizz og aktivitetar

23.00 Gudsteneste

23.35 Vi går ut

Det blir kollekt for å dekke innkjøp av brus og litt diverse, eit evt overskot går til Frikyrkja.

Elles kan dei som melder seg på betale inn valgfritt beløp på kontonr 3991 08 39636 til å kjøpe fyrverkeri "på fellesen".

Meld på til solhatlen@gmail.com eller 41923251