HalloVenn, ei alternativ Halloween-feiring
31.oktober 2017

HalloVenn, ei alternativ Halloween-feiring

Påmelding inne i artikkelen
HalloVenn vert arrangert i Volda for niande året på rad! Også i år vert det i Volda Frikyrkje 31.oktober kl. 1730 - 1930

HalloVenn vert arrangert i Volda for niande året på rad. I fjor var det rundt 150 barn på denne festen, og vi gler oss til å arrangere HalloVenn nok ein gong!
Her får du kle deg ut, utan skremsel. Her får du godteri utan tigging. Og her får du vere med på mange aktivitetar utan at det er knep som går ut over andre.
Temaet på HalloVenn er «Gode vener», og mottoet er: «Alt de vil at andre skal gjere mot dykk, skal de og gjere mot dei.». Dette er gode  haldningar som vi alle kan lære mykje av. Vi ønsker at på HalloVenn skal barna trivast og vere gode mot kvarandre.
Arrangementet vil foregå i Volda Frikyrkje og det vil innehalde mange artige aktivitetar, godteri, mat og drikke, andakt og song. Og vi gler oss til å sjå mange artige, kule, søte, sprøe og koselege kostymer. Denne dagen må uhyggelege kostymer ligge igjen heime.

Alle barn 5 år (fødd 2012) til 5. klasse er hjarteleg velkomne! Dei som ikkje har begynt på skulen må ha med seg ein vaksen, og vi gjer oppmerksom på at foreldra har ansvaret for borna under arrangementet.
Meld deg på ved å bruke skjemaet under, eller Tlf 48090157 (sms) innan søndag 30.oktober om du vil vere med på HalloVenn. Ver snar, vi har begrensa plassar.
Inngangspengar: 50 kr.
Arrangementet vert tysdag 31. oktober klokka 1730-1930 (registrering frå klokka 1715).
Då gjenstår det berre å ønske velkomen HalloVenn 2017!

 

 

Påmelding via skjema er dessverre ikkje lenger mogleg. Kontakt Eli på tlf: 48 09 01 57