Velkommen til Basar og minikonsert

Basaren opnar med minikonsert med gruppene Con Moto og Spiritoso Con Moto er ei gruppe musikarar som går på vidaregåande. Spiritoso (bilete) består av Daniel, Ingrid Ovida, Anna, Torstein og Ina. Ein så bra start på basaren har vi aldri hatt før, og vi håper mange kjem og får med seg konserten. Etter konserten opner vi kafeen og det blir muligheit til å få kjøpt seg gode og smakfulle kaker frå eit rikhaldig kakebord, assorterte smørbrød, pølse i brød eller laurdagsgraut med litt saltmat til. Andakt ved Elin Torkildsen Som alltid på basar vert det tombola og åresal der ein kan vinne mange flotte gevinstar. Minst like kjekt som å vinne noko er det å slå av ein prat med kjentfolk eller folk ein ikkje kjenner. Vi har allereie fått inn mange gevinster. For dei som ikkje har fått levert gevinstane så er det folk i kyrkja på torsdag 18 -19 og fredag 18 - 20. Ber også om at alle sjekker dugnadslistene.