Seminar om likekjønna ekteskap

Seminar om likekjønna ekteskap

Anbefaling: Laurdag 24.februar er det eit seminar om likekjønna ekteskap på Ørsta Bedehus. Siktemålet med seminaret er å auke kunnskapen rundt ulike problemstillingar i denne tematikken. Seminaret er ope for alle. Inngang: 100kr inkl. lunsj

Seminar-dag om kjønnsnøytral ideologi og utfordringar og konsekvensar for kyrkje, barn, familie og samfunn.

For eitt år sidan vart det vedteke i Kyrkjemøtet å opne opp for ein likekjønna vigselsliturgi og dermed ny lære om ekteskapet i Den Norske Kyrkja. To menn eller to kvinner kan no gifte seg i kyrkja. Det tradisjonelle og det nye synet på ekteskapet skal no vere likestilte i undervisning og praksis.

Laurdag 24. februar blir det ein open seminar-dag om utfordringar og konsekvensar i kjølvatnet av eit slikt vedtak. Med utgangspunkt i Bibelen og to dyktige foredragshaldarar er alle velkomne til ein interessant samling med spørsmål som desse: Har læra om ekteskapet i Bibelen gått ut på dato? Har barn ein Gud-gjeven rett til sin eigen far og mor? Kva konsekvensar kjem med den radikale kjønnsideologien? Visste Paulus nok om homofili til å skrive om det i Bibelen? Korleis møte seksuelle minoritetar på ein god måte?

Foredragshaldarene Øivind Benestad og Bjørn Helge Sandvei har begge, i mange år, vore aktive i den offentlige debatten rundt samlivsetikk. Benestad er teolog og dagleg leiar for Stiftelsen MorFarBarn. Sandvei er tidlegare lektor på Menighetsfakultetet og er forøvrig sjølv homofil. Han vil også dele frå livet sitt, og snakke om kvifor han vel å ikkje leve ut homofil seksualitet.

Arrangørane, nettverket Frimodig Kirke og Stiftelsen MorFarBarn, ser fram til undervisning i ein respektfull atmosfære, med opning for spørsmål og kommentarar frå salen.

Med ein rimeleg inngongsbillett, der mat er inkludert, blir det mogleg for kven som helst å ta del i dette seminaret.

Vel møtt!

Program:

Laurdag 24. februar i Ørsta bedehus kl 11:00 - 16:30

11.00 - 11.15: Velkomst 
11.15 - 12.00: Bibelen, Paulus og homofilt samliv v/ Bjørn Helge Sandvei 
12.00 - 12.15: Spørsmål, innspel og kommentarar 
12.15 - 12.30: Pause 
12.30 - 13.15: Ekteskapet, barnet og Bibelen i ei kjønnsnøytral tid v/ Øivind Benestad 
13.15 - 13.30: Spørsmål, innspel og kommentarar

13.30 - 14.15: Lunsj (pizza, kak & kaffi)

14.15 - 15.00: Å leve med homofile kjensler v/ Bjørn Helge Sandvei 
15.00 - 15.15: Spørsmål, innspel og kommentarer 
15.15 - 15.30: Pause 
15.30 - 16.15: Samlivs-«toget» køyrer vidare. Kva står på spel? Kva kan vi gjere? v/ Øivind Benestad 
16.15 - 16.30: Spørsmål, innspel og kommentarar

 

Inngang kr. 100,- inkl. lunsj 
Kollekt

Arrangørar: Frimodig Kirke og Stiftinga MorFarBarn