Plattform & plan

Plattform & plan

Volda Frikyrkje vedtok før sommaren eit plan-dokument med skildring av varige verdiar, og med satsingsområde for kyrkjelyden i den komande treårs perioden.

Eldsterådet er godt i gang med å planlegge oppfølginga av dette arbeidet, og vil iverksetje oppfølging av husgrupper og tenestefelleskap i løpet av oktober månad. Målet med dette er at heile kyrkjelyden tek eigarskap i satsingsområda kvar på sitt vis. Vi håper alle kan bli inspirert og motivert av at vi har eit meir samlande fokus framover, og med litt tettare oppfølging frå leiarskapet. Dokumentet finn de på medlemsområdet og kvar gruppe får invitasjon til oppfølging av ein i eldsterådet. Dersom du ikkje har ei regelmessig teneste eller er med i ei husgruppe, og ønskar å ta del i det eine eller andre er det berre å ta kontakt med pastor. Når det er sagt så er fleire av satsingsområda av ein karakter som gjer dei relevante uavhengig av gruppetilhørsle. Og vi er alle med å bidra til ein kultur som er prega av dei verdianemåla som vi håper skal prege kyrkja vår framover.