Alpha-kurs i Frikyrkja

Alpha-kurs i Frikyrkja

 

Velkommen til Alpha-kurs                  http://alpha-kurs.no/wp-content/themes/twentyeleven/images/main-logo.png

Alpha er eit introduksjonskurs til den kristne trua. I mange år har Pinsekyrkja, Den norske kyrkja og Frikyrkja i Volda samarbeidd om å arrangere eit slikt kurs.

Kurset går over 10 kveldar og startar 11. september og vert avslutta med ein festmiddag 27. november. Alle kurskveldane vert i Volda Frikyrkje, Gamletufta 1, rett bak Bratteberg skule.

På kurset får ein ei innføring i dei mest sentrale og viktige spørsmål rundt vår tru, som for eksempel: kven er Jesus? Kvifor døde og oppsto Jesus? Kven er den heilage Ande? Kva med det vonde? Kvifor og korleis lese i Bibelen? osv


 Bilderesultat for frokostbord

Måltidet er sentralt

Kurset vert halde kvar måndag mellom 19.00 og  21.30, og vi begynner kvelden med eit godt måltid. Mat samlar folk og mat skaper hygge. Gode måltid trigger ofte gode samtaler i ein muligens travel kvardag. 

Undervisning
Sølve Hatlen, Ralph Meyer, Kristian Myklebust og Åse Linn Vålandsmyr Holden deler på å ha ansvaret for undervisninga. 

Etter ei kort kaffipause, er det gruppesamlingar. Deltakarane vert fordelt i grupper på 6-8 medlemmer. I gruppesamlingane legg vi vekt på at det skal det vere trygt å delta i samtalen, på erfaringsutveksling og ikkje minst opnar vi for at vi kan undre oss i lag.  Det er lov å berre sitte å lytte, men og å kome med synspunkt og spørsmål knytt til undervisninga.

Weekend

Midt i kurset blir det også arrangert ein kortweekend på Kjeldsund med overnatting frå laurdag til Søndag.


Alpha-middag

Mot slutten av Alpha-kurset vert det arrangert ein Alpha-middag. Middagen er både ein avslutning på kurset og er samstundes open for alle som lurer på kva Alpha er for noko. Her vert Alpha-kurset presentert og ein får møte andre som har gått på kurs.

 

Kan dette vere noko for deg?

Kanskje er tida inne for å prøve noko nytt. Vi kan ikkje love deg at under skal skje, men vi kan love deg at du får vere ein del av eit ope fellesskap der ein set livsviktige spørsmål på dagsorden.

Det lov å kome på fyrste måte berre for å sjå kva dette er for noko, ein treng ikkje forplikte seg på heile kurset.

Ynskjer du meir informasjon eller har lyst å melde deg på – ta kontakt med Sigrun Knardal, mobil 99338408, eller e post sigrun.knardal@gmail.com

 

For meir utfyllande informasjon om kva Alpha er for noko så sjekk heimesida til Alpha Norge.
http://www.alpha-kurs.no/