Konfirmasjon

Konfirmasjon

Laurdag 27.mai kl 11.00
Den store barneflokken i Frikyrkja veks til og blir ungdom. Etter eit innhaldsrikt år med undervisning og anna opplegg, står fire konfirmantar til konfirmasjon komande helg.

Gjennom året har konfirmantane vore med på fleire større samlingar, mellom anna den store årvisse ungdomskonferansen Impuls i Trondheim, som samlar fleire hundre ungdomar til seminar, møter og aktivitetar. To fulle busslaster med sunnmørs-ungdom reiste nordover ein kald februardag, og fekk ei minneverdig reise som kunne by på sosialt fellesskap så vel som ungdommelig musikk og god og utfordrande undervisning. No heng fire kvite konfirmantkapper klare i Frikyrkja, og det vert ein fest av ei gudsteneste! Konfirmantane sjølve vil alle bidra i gudstenesta med innslag av både visuell og musikalsk art. I tillegg vert det samtale med dei, som gjev eit innblikk i kva dei har blitt undervist gjennom året, og det vert bedt særskilt for kvar enkelt konfirmant. Gudstenesta vil vidare by på ulike musikalske innslag, mellom anna vil Mia Belseth synge solo. Kom og fyll opp Guds Hus denne festdagen!