Temakveldar om reformasjonen
500års jubileum

Temakveldar om reformasjonen

20.april kl 19.30 i Frikyrkja
Gjennom to temakveldar no i vår ønskjer Volda Frikyrkja og Volda sokn i Den norske kyrkja, dei to kyrkjelydane i Volda som kallar seg lutherske,  å rette merksemda mot reformasjonen. Difor inviterer vi til to kveldar som vil gi ei god innføring i reformasjonen.

Gjennom 2017 vert det markert at det er 500 år sidan Martin Luther slo opp tesene mot avlatshandelen på kyrkjedøra i Wittenberg- og på den måten sette i gong det som vi kjenner som reformasjonen.

Reformasjonen førte med seg djuptripande endringar over store delar av Europa, både i kyrkja og i samfunnet. Særleg i Nord-Europa har reformasjonen prega samfunnet vårt på ein grunnleggande måte. Likevel: Mange av oss kjenner ikkje så godt til denne delen av historia vår: Kva skjedde eigentleg? Kvifor hende desse tinga? Korleis pregar det oss i dag?

Den første av desse to kveldane vert torsdag 30.mars kl 1930 på Uppheim. Her vil Anders Aschim, professor II ved Høgskulen, halde eit føredrag med overskrifta: «Reformasjonen- Kva, korleis, kvifor?. Veka etter påske, torsdag 20.april, vil professor emeritus Birger Løvlie halde føredrag med tema Reformasjonen i Noreg. Denne temakvelden vert på Frikyrkja. Etter føredraga vert det muligheit for spørsmål og samtale, og vi serverer kaffi og te.

Desse temakveldane skal vere for alle som ønskjer å lære meir om reformasjonen, utan at ein har særlege forkunnskapar. Vi ønskjer velkommen til to interessante og lærerike temakveldar- på Uppheim og i Frikyrkja.