Plattform & Plan arbeid
Kyrkjelydsmøte

Plattform & Plan arbeid

Torsdag 23.mars kl 20.00
Den spanande prosessen held fram! Mange gode innspel har kome i første fase, men no går vi inn i ein ny og avgjerande fase i prosessen. Plattformen har funne eit innhald og ei form som kan gi ei god retning i val av satsningsområde og konkrete målsetjingar. Denne kvelden har ein høve til å påverke prioriteringar som vil legge føringar fleire år fram i tid. Kom og ver framsynt!! Litt meir om gjennomføringa av kyrkjelydsmøtet under:

Kyrkjelydsmøtet på torsdag vert gjennomført litt på same måte som P&Pverkstaden i januar, med gruppearbeid som ein vesentleg del.

Vi begynner med ein gjennomgang av Plattformen før vi går i gang med å jobbe med planen.

Det neste vi gjer er at vi deler i tre grupper som arbeider med planen på kvar sitt målområde. Gruppene arbeider med å organisere innhaldet slik at det vert oversiktleg. Ein får gode hjelpemiddel og ein ryddig arbeidsplan som vil hjelpe å få orden på og utfylle dei innspela som kom i første fase.

Når vi har kome langt på veg med første del av gruppearbeidet, har vi ein rask gjennomgang for å få litt oversikt over heilskapen, før vi set oss i grupper igjen. Det som då blir arbeidsoppgåva handlar om å utforme satsingsområde og foreslå prioriteringar av satsingsområde samt å kome med innspel på konkrete mål som svarar til desse satsingsområda.

Plattformen og planskjemaet vi skal jobbe med ligg vedlagt. I tilleg vert det sendt ut, i løpet av eit par dagar, ein versjon av skjemaet som vil innehalde i punktform alle innspel som har kome i prosessen i første fase. 

Mykje meir kunne vore forklart, men det får vente til torsdag. Det er ikkje meininga at vi skal kome heilt i mål med alt på dette møtet. Men vi trur vi kan kome langt!

Dette blir så spennande!

Håper mange har anledning til å vere med å bidra i prosessen denne kvelden!

 

Ynskjer alle vel møtt!

På vegne av P&P arbeidsgruppe og eldsteråd

Sølve Hatlen

 

"I og med Kristus"